29
Aug
Posted by Joar in Uncategorized | No Comments
No har eg vore i arbeid i to veker. So langt er alt vel, men det er nok å setta seg inn i og forvirringa er framleis stor:)
Tida med rein opplæring er snart over og i september skal eg vera med på eit prosjekt med oppgradering og ein del opplæring i Agresso. Det er litt skummelt at ein kunde snart skal betala for arbeidet eg gjer, men eg gledar meg til å begynna med praktisk jobbing:)
Leilegheita er framleis ganske tom og upersonleg, men det kjem seg stadig:) Siste nyheter her er oppvaskmaskin og blomster til blomsterkassane.
Innlegget er skrive for å testa det nye HTC leiketøyet ergogroup har gitt meg:)
18
Jul
Posted by Joar in Uncategorized | No Comments
Dagen i dag har på mange måtar vore eit antiklimaks. Årets ferietur er over, været er kaldt og blautt, og bilen vart pårygga i dag tidleg. I mangel på andre syslar har eg då surfa innom dei fleste nettavisene opptil fleier gangar. Ikkje overraskande var utvalet av interessante nyheiter noko begrensa, men enkelte høgdepunkt er det sjølvsagt. Sognavis melder blant anna at campinggjestene i Flåm ikkje fekk sova grunna ein høglytt og nærtgåande innfødd, og Dagbladet melder at Jonas Gahr Støre har diskutert Tour de France med norske soldatar i Afghanistan.
Stor var gleda i midlertid då eg snubla over ein knakande god forbrukartest på dinside.no. Dei har endeleg skjønt kva som er viktig for folk, og testa dopapir. Testen er pedagogisk oppbygdpå alle måtar og godt illustrert med terningkast og produktbilete. På slutten av saka er det til og med oppfordra til å diskutera kva dopapir som er det beste, og heile åtte personar har nytta dyrebar ferietid på å dela si meining om dette med oss leserar.
Som økonom er eg rett nok litt kritisk til korleis argumenta i testen er vekta. Det er blant anna ikkje vektlagt kva papiret kostar (så lenge dette ikkje inngår i totalopplevelse?). For mitt vedkommande meinar eg at pris må vera relativt vesentleg då ein praktisk tala tørkar seg bak med pengane. Dinside skal ha for at dei oppgir kva dei ulike pakkane kostar, men så lenge dei ikkje er kjøpt på same butikk vert dette samanlikningsgrunnlaget ikkje særleg bra. Det er heller ikkje oppgitt kva det kostar per dorull, som det for eksempel er på kjøtdeig (per kg). Ein annan ting som burde vore vurdert ut frå eit økonomisk synspunkt er kor drøye dei ulike merka er i bruk. Altså burde det vore vektlagt kor mykje eit gjennomsnittleg toalettbesøk kostar med dei ulike merka.
Alt i alt fann eg denne testen meir underhaldande enn nytteg, og gjer den terningkast: 
Eg kjem nok truleg framleis til å fortsetta å kjøpa det billegaste dopapiret på Rema
13
Jun
Posted by Joar in Uncategorized | 1 Comment
No er eg ferdig utdanna for denne gang! Her om dagen fekk eg resultatet på siste eksamen, og er godt fornøgd.
Då eg begynte på NHH for fem år sidan verka det forferdeleg lenge til eg skulle vera ferdig, men jammen har det gått fort. Sjølv om livet som student på ingen måte er noko luksusliv, og at det til tider er alvorleg travelt, har eg alder hatt så fine år! Eg vart med i studentforeninga etter 1,5 år på NHH, og det er noko av det luraste eg har gjort. I tillegg til studeringa har studentforeninga teke mykje tid, og eg har skjeldan vore heime før klokka 18 om kvelden, men det er ei prioritering eg ikkje ville gjort om på.
Det er ei blanda følelse å vera ferdig no. På den eine sida skal det sjølvsagt bli kjekt å byrja å jobba og tena pengar, men eg kjem til å sakna friheita og det sosiale med å vera student. Eg innser at eg truleg er ferdig som heiltidsstudent no, men eg kjem nok heilt klart til å ta fag seinare i tillegg til jobb.
Takk til NHH og NHHS for fem flotte år!

5
Jun
Posted by Joar in Uncategorized | No Comments
Ingrid driv med innspurten til siste eksamen no, og øver så mykje ho kan i tillegg til lesinga. I dag meldte eg meg frivillig som pasient, og me reiste på skulen hennar der dei har benkar og utstyr for undersøkingar. Dagens tema var undersøking av anklar, føtte, leggar, kne og skuldrar samt alle refleksar i kroppen.
Tilstanden som pasient var ganske avslappa sidan eg stort sett låg på ein benk og skulle vera heilt avslappa. Ikkje uventa var eg rimeleg perfekt og hadde ingen skavankar å bry seg med



3
Jun
Posted by Joar in Uncategorized | 2 Comments
Som dei fleste sikkert har fått med seg er det streik for tida. Ikkje berre er det streik, men det ser ut som det tek ei stund før dei vert enige også.
Så kva er det eigentleg dei streikar for? Hovedtemaet i årets lønnsoppgjer er tydelegvis det som vert kalla likelønn. Dette høyres jo rett og rimeleg ut at menn og kvinner skal tena det same for å gjera same jobben. Problemet er at det gjer dei allereie, så det er igrunn ikkje noko å vera ueinig om.
Det som er saka i årets lønnsoppgjer er at offentleg ansatte, stort sett i helsesektoren, meinar dei skal tena like mykje som f.eks ingeniørar i privat sektor (jmf Unio sitt faktaark om likelønn). Korleis dette kan vera eit fornuftig forslag klarar eg ikkje skjønna. Ein samanliknar vidt forskjellige yrkesgrupper, og ser glatt vekk frå all lønn som ikkje er pengar. Dette kan for eksempel vera at ein i det offentlege har vesentleg betre jobbsikkerheit og pensjonsordningar enn kva ein har i privat sektor. Det offentlege kompenserar også overtid og reisetid i mykje større grad enn kva privat næringsliv gjer.
Eg kunne til nød skjønt det dersom dei krevde same lønn for helsepersonell og ingeniørar innan offentleg sektor, men ut frå websidene til Unio er det ikkje dette kampen dreiar seg om. I utgangspunktet er det heller ikkje naturleg å samanlikna seg med ingeniørar i offentleg sektor då desse har ein alternativ arbeidsmarknad i privat sektor, noko som pressar opp lønna.
Unio tek heller ikkje omsyn til at ein ved å auka lønna i offentleg sektor til eit nivå med privat sektor gjer at privat sektor må auka lønna for å halda på arbeidskraft som held internasjonal konkuransedyktig standard. Dette vil gjere at ein reduserar konkuranseevnen til norsk næringsliv som opererar i utlandet og fører til auka arbeidsløyse og auka offentlege utgifter. Kanskje det er noko i dette med Hollandsk sjuke..
Som sambuar med ein fysioterapeut og med stort boliglån syns heller ikkje eg at tilsette i helsesektoren tener spesiellt godt, men Unio kan kalle ein spade for ein spade og slutta å lura folk..

29
May
Posted by Joar in Uncategorized | 3 Comments
Me har tatt eit stort steg og kjøpt leiligheit!
Etter å ha leita lenge og tapt mange budrundar var det endeleg vår tur til å vinna budrunden på ein leiligheit i fyllingsdalen. Me har i det siste leita mest i fyllingsdalen sidan det ligg greit til i forhold til jobbane våre og sentrum i Bergen.
Det er no ein skrekkblanda fryd over å ha kjøpt leiligheit. Me er meget godt fornøgd med å ha fått kjøpet i boks, men det er litt skummelt med så mykje pengar og lån. Me har imidlertid rekna med ganske romslege marginar (8% rente), så det skal nok gå greit.
Leiligheiten er 83 kvadratmeter, så den er ganske stor. Prisen vart 1 720 000kr + 210 000kr i fellesgjeld.




17
Apr
Posted by Joar in Uncategorized | No Comments
Eksamenslesinga er i gang for fullt, men i går kveld unna eg meg litt fri for å gå på vinsmaking med Siviløkonomene. Mange vil kanskje meina at dette er ein aktivitet som passar godt inn på NHH, noko som truleg er heilt rett. Det var i alle fall fullt, og god stemning.
Foredragsholdaren var ein franskmann som no er busett i norge. Grunna Island hadde han køyrt frå Oslo til Bergen då det ikkje gjekk fly. Han var ein munter og triveleg kar, og holdt eit interessant foredrag om kva som gjer at ulike typar vin smakar og luktar forskjellig. Etter foredraget var det klart for lukting og smaking på både vin og ost. Vinane me snaka på var ein musserande, ein kvitvin, ein rosèvin og to raudvinar.
Musserande: Cremant de Bourgogne Blanc de Blancs Houblin – Bra vin, men litt i overkant syrleg (tørr) for min del.
Kvitvin: Chablis 2008 Emile Chandesais – Meget god vin.
Rosè: Conte Ricci Chiaretto 2008 – Ikkje noko spesiellt. Heilt grei
Raud: Celeste Torres Crianza 2005 – Meget god. Kraftig, så sikkert fin til biff.
Raud: Corte Giara Ripasso 2006 – Smakte igrunn likt som den første raudvinen
På vanlege vinsmakingar så har eg inntrykk av at ein spyttar ut vinen, men her var det studentar som smakte så det var ingen som spytta ein einaste dråpe
Vinsmaking kan absolutt anbefalast som pauseaktivitet i eksamenslesinga. Spesiellt viss det er fagforeininga som arrangerar (me betalte 50 kr)


2
Mar
Posted by Joar in Uncategorized | No Comments
I dag har eg og Thomas hatt skidag på Voss. Thomas har påtvungen vinterferie og eg har ikkje forelesningar denne veka. Me valgte å reisa til skisenteret på Voss (Bavallen), da det er ein del lengre til Myrkdalen, og det har komme så mykje snø i det siste at senteret på Voss også skulle ha rikeleg. Me vart imidlertid lurt av snømengda, og det var i minste laget. Spesiellt var det lite på slutten av dagen då det byrja å bli mykje is og stein i løypa.
Vêrgudane var heller ikkje heilt på vår side i dag, og solskinnet som såg så lovande ut i dag tidleg forsvant rundt lunchtider og vart erstatta med snø og bitande kald vind. Men andre ord så var ikkje forholda optimale, men det var lite folk og bra laussnø der det var snø så alt i alt var det ein bra dag i bakken.
Terningkast: 
Då eg køyrde frå skulen og heimatt etter å ha satt av Thomas merka eg tegn på at speedometeret har starta å fuska att. Nåla ristar litt rund 40-50km/t og den stig rykkete ved akslerasjon. Dette lignar på feilen som var sist då me bytta instrumentpanelet og ting vart greit i ca 3 mnd. Dersom nokon har tips til kva dette kan vera vert alle råd mottekne med takk
Terningkast: 

21
Feb
Posted by Joar in Uncategorized | 4 Comments
No har eg bestemt meg for kvar eg vil jobba! Det har vore ein travel, men lærerik prosess å vera jobbsøkar. Eg sendte min første søknad til ErgoGroup før jul, og fekk då tilbakemelding om at dei ville ha eit telefonintervju med meg i starten av januar. Medan eg venta på dette søkte eg ein jobb til hjå eit firma som heiter Affecto. Der fekk eg svar om at eg skulle bli kontakta etterkvart som dei kom igang med rekrutteringa.. Det var det siste eg høyrte frå dei.
I starten av januar hadde eg telefonintervjuet med ErgoGroup. Det var ein veldig triveleg seanse der eg prata i nesten ein time med ei dame som er rekrutteringskonsulent. Me prata ein del om kva eg har drive med av jobb og skule. Ho var spesiellt interessert i utvekslinga og masteroppgåva eg har hatt, så me gjekk ikkje inn på spesielle fag. I tillegg til dette prata me ein del om kva eg ser på som viktig hjå ein arbeidsgivar, og kva eg gjer på når eg ikkje jobbar eller studerar. Ho var også veldig interessert i arbeidet eg har gjort i studentforeninga, og eg fekk inntrykk av at dette var minst like viktig som karakterar. Før me avslutta samtalen sa dama at ho gjerne ville at eg skulle prata med nokon på Bergenskontoret, sidan det var det kontoret eg søkte.
Etter ei stund var eg innom til ErgoGroup i Bergen og hadde ein kort prat med ho som er sjef for den avdelinga eg søkte. Det var ein triveleg, men kort prat så eg var litt usikker etterpå om korleis det hadde gått.
Medan eg venta på meir tilbakemelding frå ErgoGroup hadde eg ein jobbsamtale med Accenture gjennom sponsoravtalen it.gruppen har med Accenture. Eg vart då oppfordra om å søka, noko eg gjorde. Etter ikkje veldig lang tid ringte det ein triveleg kar som ville at eg skulle komma på intervju på Lysaker i Oslo. Sidan Accenture betalte for turen reiste eg over. Det var heilt tydeleg at Accenture har ei anna tilnærming til intervju enn ErgoGroup. Hjå Accenture var det først gruppecase før to intervju på ein time kvar. Eg syns sjølv intervjua gjekk veldig bra, så eg hadde ein god følelse då eg reiste heim.
Same dag som eg var i Oslo ringte dei frå ErgoGroup og sa at dei ville gje meg eit tilbod. Eg sa ifrå til Accenture om dette, og i løpet av relativt kort tid ga dei tilbakemelding om at dei også ville gje meg eit tilbod. Accenture er i utgangspunktet eit veldig spennande selskap, men dei hadde berre ledige stillingar i Oslo.
Sidan Accenture kun tilset i Oslo har eg no bestemt meg for å takka ja til ErgoGroup sitt tilbod i Bergen. Eg har vore innom kontoret der og helst på folk, og det verkar kjempetriveleg så eg gler meg
Arbeidsoppgåvene mine vil vera å arbeida med kundar som skal innføra Agresso ERP system for handtering av Lønn og Human Resources. Så nå er det berre å få ståkarakter på dei tre faga eg tek i vår..


15
Feb
Posted by Joar in Uncategorized | 2 Comments
I helga har it.gruppen vore på sin årlige skitur til Geilo (har hatt det ein gang før, så no er det tradisjon). Me tok toget opp på fredag, og det var berre to som kom for seint. Dei to som kom for seint reiste strake vegen til Flesland og leigde bil, så litt utpå kvelden var oppmøtet 100%
Fredag kveld var roleg og folk gjekk tidleg til sengs da me skulle tidleg opp på laurdag for å reisa i bakken. Laurdag var det opp klokka 8 for å rekka første skibuss til bakken som opna 9.30. Da me kom til bakken var det strålande forhold. Litt hardt, men sol og lite folk. Slik holdt det seg heile helga, så me var kjempeheldige.
Etter 7 timar i bakken på laurdag var ikkje alle like ivrige på å stå tidleg opp på søndag så afterskien var litt hardare denne kvelden, men me var ein god gjeng som også tok første buss til bakken på søndag. Me fekk da 5,5 timar i bakken før me tok toget tilbake til Bergen klokka 16.30..
På toget tilbake fekk me tydeleg bevist at fri barneoppdragelse ikkje fungerar spesiellt godt. Det var ein familie der med 5 ungar i forskjellig alder,men felles for dei alle var at dei var hypre og gjore alt som fall dei inn uten at foreldra brydde seg. Det vart altså ein anstrengande togtur, og samtlige i it.gruppen var enige om at viss ein skal ha så mange ungar bør ein prøva å oppdra dei litt



Recent Comments