Pynting av pepperkakehus

January 13, 2010 4 Comments

Det er betre seint enn aldri, betre å vera føre var enn etter rar osb. Dette var tilfellet då me, kvelden før Anders kom heim, bestemte oss for å pynta kakehuset han hadde laga. Ja, det stemmer det kakehuset me hadde lova å pynta før jul. Det bar iveg for å skaffa dei naudsynte remediane for pepperkakehuspynting.

Me var ikkje særleg beskjedne når me handla inn til pynting, og Olav var ikkje særs beskjeden når han hadde vatn i melisen heller. På dette punktet er det viktig å nemna at Anders sitt kakehus var bygd av Anders, som er kjemikar. Derfor hadde huset enkelte strukturelle utfordringar.

Så, me hadde ein pakke NonStop, ein pakke Ahlgrens Bilar, ein pakke med Laban, ein liter med alt for tynn melis, og eit saltaka pepperkakehus med mjuke vegger,mjukt tak og andre særeigenheitar me ikkje skal gå nærare inn på.

Det gikk slik det måtte gå. Melisen rann av saman med alt anna. Olav med hadde brukt 5 min på å laga melisen, og var såleis den mest erfarne av oss. Han meinte det truleg var best å hella all melisen over taket, som sagt så gjort. Dinest la (les kasta) me all pynten i ein haug på toppen. Det vart rettleg flott, og det varde lenge nok til at eg fekk tatt bileta som ligg med her. Etter ein liten halvtime bestemte tyngdekrafta og Newtons lover at nok fekk vera nok, og heile driten kollapsa.

Jammen flaks at Anders trudde huset var tatt i eit snøskred.

Post
4 Comments to “Pynting av pepperkakehus”
  1. Sindre says:

    Høyrdes fantastisk artigt ut ;)

    ..Men hadde vore artigare me eit bilde elle to..

  2. Tore says:

    Eg ha masse bilde, men eg faor ikkje t å legga dei ut :P

  3. Joar says:

    Litt skeptisk t dimensjoneringskunnskapadn t dei to pynteradn :)

  4. Sindre says:

    Før eit fantastisk ras!!

    Men Tore.. Ska me ta eit lite WP kurs ein kveld? Bildi dine e gigantiske!!! Scrolla siao di no e ei plaga.

Leave a Reply