Om svinepest, romjul og 2010
December 27, 2009 No CommentsDå var jula overstått. Det finnest dei som hevdar at jula varar heilt til påske.
Dette stemmer ikkje. Jula varar til 25. desember. Etter dette er jula over, og alle må straks ta til med å lesa på eksamenane som er lagde til januar denne gongen. Eg klagar og syter, men eg er korkje den fyrste, den einaste, eller den siste som har endt opp med ein januareksamen. Så eg står over det óg. Problemet er at driten er vanskeleg. Så det er kjekkare å gjera alt anna enn å rekna. Blogga til dømes, mykje betre.
Elles kan eg informera om at svinepesten tok meg før eg rakk å vaksinera meg mot svin. Hosting, harking, snyting og syting krydrar dagane no.Det er vel sikkert ikkje svinepest, men dette er fyrste gongen eg er sjuk sidan eg var liten. Så då er det lov å klaga litt.
Eg har ei spanande tid framom meg. Etter jul er almanakken full. Eg skal ha eksamen 6. januar, så skal tar eg ein liten skiferie til Sveits og Austerike. Me skal til Ischgl i Tyrol i Austerike, dit kjem me med fly til Zürich og tog viare. På returen reiser eg omtrent direkte frå Gardermoen til Brønnøysund der skal eg starta på ein tredagers helgelandsturne som HiST-ambassadør.
Då var me komne til slutten av januar. Tida flyg ser du. 2. og 3. februar så skal eg stå på stand for HiST i Trondheim spektrum, 12. og 13 februar på stand i Bodø. Så, to nye eksamenar i mars. Innimellom alt dette skal eg finna opp ein ny og betre vindaugevaskar for driller cabiner på borreplatformar. Denne skal vera ferdig til 20. mai. Dersom alt dette ikkje tek livet av meg så klinkar eg til med to nye eksamenar i mai.
Til slutt er det sumarferie og etter den flyttar eg til England i to år, dersom alt går slik det skal. Hektisk sa du? Moro, seier eg

