Førebilete

December 12, 2009 1 Comment

Eg høyrde Obama snakka om førebilete i talen sin. Me skal leva etter biletet av soldaten som standhaftig fremmar freden, sjølv om han er “out gunned”, jenta som står på sitt sjølv om ho vert straffa for sine meiningar av sin eigen stat og mora som brukar kvar smule av det ho eig for å senda ungane sine på skule.

Jammen har me det godt i Noreg. Slike forebilete hadde me nok ikkje sett for oss i verdas rikaste land. Men verdiane har me høyrt før. Vern om familien, le i møte med trugsmål og stå for meiningane dine. Dette lærte me på skulen alle saman. Nokre av oss har nok gløymt det.

Foresten, her har eg ikkje blogga på evigheiter så kjem det to på ein dag! Sjå her du Joar!! Flink er eg!

Attende til dette med førebilete, eg tenkte litt over det. Kven er det som dug som førebilete, eigentleg? Det er ikkje mange som ikkje har svin på skogen av eit eller anna slag. Så det kan ikkje vera eit kriteruim. Ein ser fleire ekstremistar som har til dømes Elvis som førebilete. Dei har tatt personen, personlegheita og utsjånaden.

Eg liknar mest på meg sjølv, det tenkte eg å halda fram med. Så eit slikt førebilete kan eg ikkje ha. Ei heller å prøva å vera ein anna person med ein anna personlegheit. Så førebileteekstremisme utgår. Kva står att då? Jo, handlingar.

Eg har lest, eller høyrt, ein plass. At ein vert ikkje hugst korkje for kven ein var eller kva ein sa. Det er det ein gjer som vert hugst.

Med den definisjonen så skulle ein tru at ein kunne ha handlingar som førebilete. Det vert litt dumt det óg. Men eg trur eg nermar meg sakas kjerne.

Dersom eg skulle valgt meg ut førebilete så måtte det verta noko slikt:

  • Gunnar Sønsteby, i det han sprengte tungtvannfabrikken på Rjukan.
  • Colombus, i det han gikk i land i Amerika og trudde han var i India.
  • Vasco da Gama, i det han faktisk fann India.
  • Leiv Erikson, i det han faktisk fann Amerika.
  • Einar Gherardsen, i det han vart statsminster for fyrste gong og tok til på gjenoppbygginga av landet.

Det var dei eg kom på i farten no. Eit førebilete kan ikkje vera ein person, men personen, handlinga og tankesettet han eller ho hadde i det øyeblikk handlinga vart utførd. Spesifikt skal det vera, veit de.

Post
One Comments to “Førebilete”
  1. Ho mor says:

    Saknar ho mor på førebiletelista di. Ho bør stå øverst.

Leave a Reply