Blogging om ingenting

December 11, 2009 1 Comment

Joar seier det er for lenge sidan eg blogga sist, og at det ikkje skjer noko spanande i livet mitt. Det siste er for så vidt sant. Det har vore eksamenstid, det er ikkje særs spanande.

Samstundes skal de veta det, kjære alle dykk tre som kanskje leser bloggen min, at eg har prøvd. Eg har prøvd hardt, men fekk det ikkje til.

Fyrst prøvde eg å skriva om alle likheitane mellom meg og Windir. Eg skulle skriva om korleis dei syng på sognedialekt, og at eg snakkar sognedialekta. Det vart ikkje bra, så eg droppa det.

Så tenkte eg at eg skulle skriva om sogningen, dette stolte og staute folket frå innerst i Sognefjorden.  Når alt kom til alt måtte eg kalla ein spade for ein spade, og sogningar for ein spade. Me er rett og slett ikkje så forskjellige frå alle andre, som eg og fleire med meg vil ha det til. Så det gikk skeiss det óg.

Til slutt prøvde eg å skriva om rettskriving. Eg ville argumentera for at dårlege norskkunnskapar var dødeleg. Gikk ikkje det heller.

Så då gav eg rett og slett blanke i heile greia, lot blogg vera blogg og spadar vera spadar.

Eg har registrert at Obama har vore innom, kjekt for han det. Fint at me får visa han kor flinke me er til å dela ut prisar, bestilla festmat og utanlandske artistar.

Lurer på om dei heilt har gløymt at me må spara for å få råd til MGP finalen. Me har ikkje råd til å bruka så mykje pengar på å få inn slike høgtståande statsleiarar. Eg stemmer for at me skal kutta kostnadar på nobelutdelinga frå no av. Me skal kun dela ut Nobels fredspris til små og ubetydlege folk som ingen tar seg bryet med å truga på livet. Så slepp me å bruka tusenvis av kroner på å sveisa kumlokk i Oslo.

Post
One Comments to “Blogging om ingenting”
  1. Joar says:

    Bra skrive til å handla om ingenting :) Eg syns me burde avlysa MGP finalen for å ha råd til å invitera Barack’en litt oftare.. Triveleg med litt oppstandelse i ein ellers grå Desember månad :)

Leave a Reply