Sikkerheitsbevisste dataen min
November 23, 2009 6 CommentsPå dataen min har eg noko som heiter SolidWorks. Det er eit designprogram med nokre snedige attåtfunksjonar. Det er nemmeleg slik, at det å teikna 3D i SolidWorks er det lettaste i verda. Ein kan teikna ulike deler og setta dei saman til ein kontruksjon der ein kan sjå virkemåte, og rørsle i forhold til andre delar med meir.
I tillegg kan eg gjera ulike berekningar i SolidWorks. Eg kan ta statiske berekningar av ein konstruksjon, altså korleis den bøyger, vrir og deformerar seg under visse laster. Eg kan gjera fleire andre typar beregningar blant anna så kan eg optimalisera design, ved at eg fortel programmet at eg vil ha minst mogeleg masse eller minst mogeleg volum. Då skjærer den til og ordnar fint for meg.
Slik sett er SolidWorks eit storvegs designprogram, ein kan legga seg attende med hendne bak hovudet og slappa av. Det skulle ein vertfall tru. Men her ein dag heldt det på å gå voldsomt gale. Det var rett før dataen min med leidningar, designprogram og anna tilbehør gikk rett ut av glaset i ein vill storm av raseri. Eg ville påføra dataen min smerter, sterke smerter. Dersom det hadde våre mogeleg skulle eg lagt den i ein strekkbenk og vridd til slik at det knaka i samanføyningane.
Grunnen til dette voldsomme hatet seier du? Jo, SolidWorks sjølvsagt. Denne dagen vart det SolidWon´t work because of stupid reasons. Eg skulle nemmeleg køyra ein ny type beregning, ein termisk analyse. Eg har nokre bilete som eg kan forklara med.
Say hello to my little friend, mikrochiphuset (exploded view):
Dette er altså eit hus for ein microchip. Denne microchipen utviklar varme, pluss at pakninga held ein konstant temperatur. Alt saman avgir varme til omgjevnadane, og til kvarandre. Lufttemp der denne greia står er 25 grader.Når eg definerar kvar varmen kan utveksla seg, kva for material greiene er laga av osv, så ser den slik ut.
I den store fine teorien, skal ein no kunna trykka “Run”. Men ikkje på min data, ikkje på min SolidWorks og i vertfall ikkje i mi stove. Fordi det denne sadistiske datadjevelen klarte å trykka ut av seg etter 30 sek med rekning var: “Security device not responding, please install more security devices”.SECURITY DEVICES?! Det kunne virka som om dataen hadde utvikla nervøst samanbrot. Den viste ikkje heilt kva den mangla, eller kva som trua, men trygg? Nei det var den vertfall ikkje. Som Joar sa, dette med termiske beregningar er ikkje nokon spøk så det er best å sikkra seg.
Eg reiste på skulen sundag, der har me datamaskiner som fungerar. Slik at de skal få sjå kva som skjer når ein setter denne delen i drift.
Desse to bileta viser resident heat flux. Det vil sei korleis varmen flyttar seg i konstruksjonen,
Fyrste biletet viser temperatur på ulike overflater. Ein ser at høgast temperatur er det på overflata av mikrochippen inni huset. Siste biletet viser at den deformerar seg på grunn av varmeoverføringa. Eg har sagt at pakninga held seg flat på grunn av delen som tilstøyter og at den er skrudd fast. Då kan den ikkje flytta seg nokon plass så då vert det deformering.
Post






Den stakkars datamaskina di har sikkert vore utsett for-, og sett så mykje rart, at den fann ut at no fekk det vere nok. Det skjønnar eg godt
Du ska veta da atte detta e min data. Dan ha å oppføra seg. Dan ska gjera nøyaktigt slek eg seie når eg seie da. Dan ha verken sett ld opplevd meir enn da ein normal data burde tåla. Atte dan slite me nervedn ska han fao lov å holda fint kjeft om.
Aller helst skulde dan ha hatt muligheten t å forstå k eg vil før eg vil da slek atte han va forberedt.
Dataen min å meg ha fremdeles eit annstrengt forhold ette detta. Eg nære eit hat t dan so e vanskle å beskriva.
Tør eg spørra ke danna µC’en drive me?
Hæ?
Mikrochipen, han virka litt varm om danna temperaturskalaen din stemme
So lure pao ke dan drive me inni danna boksen.
Aha! Eg veit ikkje k han drive me.
Eg fekk beskjed om atte han ga 5,3W. Da e din type menneske so ha satt han dar, eg ha berre laga hus t han eg.
Hadde da ikkje vå før lufttemperaturen pao 25 grade so hadde han vå rettle kos. Eg ha vel rundt 104 grade i kjernen pao driten no trur eg? Sikkert fint