Kvifor eg melder meg ut av statskyrkja.
November 18, 2009 4 CommentsEg har surra med dette ganske lenge no. Problemet med utmelding av statskyrkja er tiltaket. Men gudane skal veta at det er verd det!
Statskyrkja har i dag nærast monopol på sanning i vårt samfunn. Noreg er erklært ein kristen stat og den norske skulen har lenge hatt ein kristen formålsparagraf. Denne vart skifta ut i fjor, med ein ny formålsparagraf som skulle vera meir livssynsnøytral. Den har likevel overvekt på kristendom og kristne verdiar, dette var eit kompromi ein måtte inngå for å få alle partia med. KRF var sjølvsagt meget nøgde med dette. Studentorganisasjonane meinte at den nye paragrafen ikkje fjerna det den skulle. Det vert framleis undervist i ei ikkjevedtatt sanning i den norske skulen.
Kyrkja har over 3,9 mill medlemmar noko som tilsvarer litt over 83% av befolkninga. Dei vert med dette ein av dei største, om ikkje den største, interesseorganisajonane i Noreg. Slikt gir makt, makt dei ikkje har krav på ettersom enormt mange av desse medlemane ikkje deler kyrkja sine ideologiar.
Samstundes gir slikt pengar i kassen. I 2005 rekna Din side ut at det kosta den norske staten 1300 kr per skattebetalande yrkesaktive innbyggjar og rundt 800 kr per medlem å driva kyrkja. Denne skatten vert trekt saman med inntektsskatt til kommunen. Det vil seia at dersom ein melder seg ut, sluttar denne tileggsskatten å gå. Kyrkja sine offentlege inntekter i 2005 viste at kyrkja fekk 3 mrd kr i overføring frå kommunane, 66 mill frå opplysningstenesta sitt fond og nærare 80 mill i renter frå meinigheita sin formue. Likevel måtte staten sponsa kyrkjevalet som vart arangert i år.
Eg leste ein samanligning på nettet ein plass, som rett nok var sett voldsomt på spissen. Ståa hjå kyrkja slik den er i dag, er som å vera medlem av ein nazistorganisasjon frå barnsbein av. Ein er ikkje einig i det dei meiner, men ein melder seg ikkje ut fordi det er eit tiltak. Slik får organisasjonen midlane til å fortsetta arbeidet for det ein eigentleg er imot.
Eg for min del er litt sur fordi eg har vorte tvangsinnmeldt i ein organisasjon som driver opplysingsarbeid verda over, og kun opplyser om ei sanning eg ikkje er samd i. Eg trur Noreg er betre tent med ei kyrkje som ikkje er ein del av staten og som må drivast av dei som faktisk har den trua.
Post
ganske å enig med deg. har bare aldri tatt steget med å melde meg ut. Kom for 10-8 år siden så langt at papiret var signert og klart til å leveres til kirken. tiltak
Dette er jo fantastisk Tore, men du verden for ein overraskelse!!
Eg og du har diskutert dette i mange timar og turar til Sogndal, og du var alltid på kyrkja si side.
Men flott du endeleg tok til fornuft!
Slik eg hugsar det så diskuterte me ikkje kyrkja. Du meinte at religion var rota til alt ondt, og at religion ikkje bar noko godt med seg. Eller hugsar eg heilt feil no?
Poenget mitt er ikkje at eg er mot religion. Eg er mot måten kyrkja i Noreg er finansiert og styrd på. Den burde vera ein organisasjon av og for truande, som friviljug har meldt seg inn i den. På den måten vert også dette med sanning meir nyanset, og mindre likt eit anna utrykk som sa noko om ei endeleg løysing i byrjinga av 40 talet.
Religion, om det er kristendom, islam, eller buddhisme osv har alle saman sider ved seg som kan gjera dei som trur på det til betre menneskjer. Samstundes som det finnst ekstremistar i alle leirar.
Hovudargumentet mitt frå den tida står. Eg trur det finnst mange situasjonar der folk finn trøst og rettleiing i ein eller anna gud. Me som ikkje trur, får nøya oss med å finna den same trøsta og rettleiinga hjå andre menneskjer.
Me diskuterte religion, men og om du var kristen…