Noko viktig
October 2, 2009 1 CommentEg hadde lyst å skriva om noko viktig i dag. Så eg har tenkt grundig igjennom om eg har eit tema eg likar, misslikar eller gir så totalt blanke i at eg kan skriva om det. Den gong ei. Derfor tenkte eg at eg skulle leita etter nokre bilete eg ikkje har delt med dykk endå.

Dette er bilen Arve og meg leigde førre påske for turen heim att. Daniel sat på heim óg.

Slik ser ein hardheitsmålar ut. Eller ein av hardheitsmålarane. Denne er for store prøvestykker og måler ikkje 100% nøyaktig. På dette biletet testar me kor mykje mjukare prøvebiten vert når me brukar lengre tid på herdinga.





Alle dei fem bileta over er ifrå sumarens fjelltur som gikk ifrå Finse til Vassbygdi. Flott tur, med lokale opphald av dårlege kne. Er det foresten nokon som har ei knestøtte til overs etter denne turen? Vassbygdi servicebygg var eit av dei flottaste husa eg har sett i mitt liv etter tre dagar i fjellet.

Her feriar me min bursdag på taket hjå Odd Einar.

Dette er presangen frå Anja og Olav. Mi heilt eiga slip’n'slide. Problemet var berre at eg mangla ein del, og somla litt vel mykje med å få tak i denne. No har eg den, så då skal det slippast og slidast så snart det vert vær til det att. Eg reknar med at det vert ikkje før til våren.

Til slutt nok ein lab frå skulen. Her har Olav og meg leika med pneumatikk. Driten fungerar med nokre knappar, brytarar, ventilar og eit stempel.
Post
Knestøtta har eg gitt til Arve. Fine bilde