Fullstendig frå nettet!!
September 24, 2009 1 CommentAvisene i dag flaumer over med info om iam.no. Denne nettenesta som indekserar all info den finn om folk, samlar og gjer den søkbar på nett.
Eg er smertleg klar over at alt ligg på internett frå før, og er offentleg der dei har fått det ifrå. Eller, det stemmer ikkje. Eg har hemmeleg nummer, så dei har tydlegvis ikkje funne det. Eg registrerar at på nrk.no er det ei stakkars kvinne som har problemer med ein eksmann som har fått si nye adresse og nye telefonnummer lagt ut.
Har me komme hit altså? At ikkje noko er privat meir? Eg meiner folka bak denne tenesta må ha fått seg noko i hovudet, dei er i vertfall ikkje på “nett” med resten av verda.
Post
Dei hentar jo berre inn informasjon som allereie ligg på nett. All informasjon dei viser har vore lett tilgjengleg lenge, skjønnar ikkje oppstyre.