Slaget om Luster bad
September 24, 2009 4 CommentsSlaget om Luster bad har vore anonsert i lengre tider. Slaget skulle stå i kommunestyresalen i Luster den 24. september i det herrens år 2009 etter herrens bortgang.
Fremst blant dei største stod Olav Njøs. Midt i mellom stod ein stakkars Ivar Kvalen, han viste ikkje kvar han skulle gå, og på den andre sida var det bygdefolket i Luster som stod. Alle var rusta til tennene med skarpe kommentarar, feilaktige tal, vittige replikkar og politisk hovmod.
Bak Njøs stod høvdingen sjølv. Han var høvding for begge sider, men i denne samanhengen hadde høvding Urnes bestemt at det var han som hadde rett. Han hadde rett, fordi han hadde sett tal på ein ny og spanande måte som ingen andre hadde. Alle som ikkje hadde sett desse tala på den same måten som han, hadde ikkje rett til å uttala seg. Då han sin måte å lesa på var det einaste rette i dette land. Det kunne høvdingen seie fordi han var høvding, og ingen andre.
Slaget varde og rakk, mang ein kommentar vart slengde avgårde i genrell retning av diverse. Då pausen hadde lagt seg og alle var ille tilredt, skulle dei slåss ein prøvekamp. Prøvekampen gikk så rett til helvette for bygdefolket, om ein har lov å skriva helvette på internett, at dei rett og slett såg fanden i kvitauga og slo seg ilag med han.
No er alle vel forlikte, Njøs og høvdingen vann stort. Det må me leva med. No skal me alle saman dra i samla flokk for at slaget om Luster bad ikkje var fånyttes. Alle var nøgde med at dei hadde fått sagt sitt. Ikkje minst har alle vorte høyrde.
Snippsnappsnute så var velferda ute.
Eg har sett kommunestyret vedta Luster bad på nett-tv i dag, og må berre konstantera at dette ikkje gikk min veg. No er skaden skjedd, så me skal alle saman hoppa i bassenget med godt mot. Dersom me alle saman badar i hop er det håp om at me kan begrensa skaden.
Post
Ein av dei beste (les: verste) kommentarene i møtet:
- Sjølvsagt kan me ikkje forventa at alle skal vera einige i denne saka, men at det skal vera naudsynt å laga sånt RABALDER som det har vore i media no den siste tida er heilt uforståeleg. Eg synes at me i kommunen må prøva å dra lasset saman. Me framstår som ein god og positiv kommune, så kan me bli ein attraktiv kommune å bu i, det gjer me slett ikkje når me lagar SJAU og SPETAKKEL som det har vore i denne saka, der det for mange har vore vanskeleg å vera politikar, tykte representanten frå KrF.
Interessant syn på folkeleg engasjement.
Denne representanten var jo ikkje den einaste med skeivt syn på folkeleg engasjement. Me får håpa at dei opplever meir av dette slik at me ender opp med litt meir hardføre politikarar etter kvart.
Samstundes tykjer eg at ordføraren må komma i hug at han er ordførar for alle som bur i kommunen ikkje berre dei som er for badeland. Det vart han vel minna på óg.
Er så eining med deg att. Men du veit, dei er vande å sutla for seg sjølve inne på rådhuset, utan at nokon følgjer så godt med.
Ang. ordføraren, så må du lesa eit lesarinnlegg i Sogn Avis i dag (“Luster kommune og lokaldemokratiet”).
Lesarinlegg er vel og bra, problemet mitt er at desse ikkje ligg på veven. Biblioteket her oppe har ikkje Sogn avis, så då må dette lesast når eg kjem heim.
Heldigvis for meg vert alle dokumenta frå kommunen lagt på nett, så eg kan følja me på kva dei finn på der inne.
Det vert sikkert ei stund til eg skriv noko att, kan ikkje laga meg slik at eg ikkje kan visa meg heime.