Almanakk

March 2010
M T W T F S S
« Jan    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  

Pynting av pepperkakehus

Det er betre seint enn aldri, betre å vera føre var enn etter rar osb. Dette var tilfellet då me, kvelden før Anders kom heim, bestemte oss for å pynta kakehuset han hadde laga. Ja, det stemmer det kakehuset me hadde lova å pynta før jul. Det bar iveg for å skaffa dei naudsynte remediane for pepperkakehuspynting.

Me var ikkje særleg beskjedne når me handla inn til pynting, og Olav var ikkje særs beskjeden når han hadde vatn i melisen heller. På dette punktet er det viktig å nemna at Anders sitt kakehus var bygd av Anders, som er kjemikar. Derfor hadde huset enkelte strukturelle utfordringar.

Så, me hadde ein pakke NonStop, ein pakke Ahlgrens Bilar, ein pakke med Laban, ein liter med alt for tynn melis, og eit saltaka pepperkakehus med mjuke vegger,mjukt tak og andre særeigenheitar me ikkje skal gå nærare inn på.

Det gikk slik det måtte gå. Melisen rann av saman med alt anna. Olav med hadde brukt 5 min på å laga melisen, og var såleis den mest erfarne av oss. Han meinte det truleg var best å hella all melisen over taket, som sagt så gjort. Dinest la (les kasta) me all pynten i ein haug på toppen. Det vart rettleg flott, og det varde lenge nok til at eg fekk tatt bileta som ligg med her. Etter ein liten halvtime bestemte tyngdekrafta og Newtons lover at nok fekk vera nok, og heile driten kollapsa.

Jammen flaks at Anders trudde huset var tatt i eit snøskred.

Om svinepest, romjul og 2010

Då var jula overstått. Det finnest dei som hevdar at jula varar heilt til påske.

Dette stemmer ikkje. Jula varar til 25. desember. Etter dette er jula over, og alle må straks ta til med å lesa på eksamenane som er lagde til januar denne gongen. Eg klagar og syter, men eg er korkje den fyrste, den einaste, eller den siste som har endt opp med ein januareksamen. Så eg står over det óg. Problemet er at driten er vanskeleg. Så det er kjekkare å gjera alt anna enn å rekna. Blogga til dømes, mykje betre.

Elles kan eg informera om at svinepesten tok meg før eg rakk å vaksinera meg mot svin. Hosting, harking, snyting og syting krydrar dagane no.Det er vel sikkert ikkje svinepest, men dette er fyrste gongen eg er sjuk sidan eg var liten. Så då er det lov å klaga litt.

Eg har ei spanande tid framom meg. Etter jul er almanakken full. Eg skal ha eksamen 6. januar, så skal tar eg ein liten skiferie til Sveits og Austerike. Me skal til Ischgl i Tyrol i Austerike, dit kjem me med fly til Zürich og tog viare. På returen reiser eg omtrent direkte frå Gardermoen til Brønnøysund der skal eg starta på ein tredagers helgelandsturne som HiST-ambassadør.

Då var me komne til slutten av januar. Tida flyg ser du. 2. og 3. februar så skal eg stå på stand for HiST i Trondheim spektrum, 12. og 13  februar på stand i Bodø. Så, to nye eksamenar i mars. Innimellom alt dette skal eg finna opp ein ny og betre vindaugevaskar for driller cabiner på borreplatformar. Denne skal vera ferdig til 20. mai. Dersom alt dette ikkje tek livet av meg så klinkar eg til med to nye eksamenar i mai.

Til slutt er det sumarferie og etter den flyttar eg til England i to år, dersom alt går slik det skal. Hektisk sa du? Moro, seier eg :P

Førebilete

Eg høyrde Obama snakka om førebilete i talen sin. Me skal leva etter biletet av soldaten som standhaftig fremmar freden, sjølv om han er “out gunned”, jenta som står på sitt sjølv om ho vert straffa for sine meiningar av sin eigen stat og mora som brukar kvar smule av det ho eig for å senda ungane sine på skule.

Jammen har me det godt i Noreg. Slike forebilete hadde me nok ikkje sett for oss i verdas rikaste land. Men verdiane har me høyrt før. Vern om familien, le i møte med trugsmål og stå for meiningane dine. Dette lærte me på skulen alle saman. Nokre av oss har nok gløymt det.

Foresten, her har eg ikkje blogga på evigheiter så kjem det to på ein dag! Sjå her du Joar!! Flink er eg!

Attende til dette med førebilete, eg tenkte litt over det. Kven er det som dug som førebilete, eigentleg? Det er ikkje mange som ikkje har svin på skogen av eit eller anna slag. Så det kan ikkje vera eit kriteruim. Ein ser fleire ekstremistar som har til dømes Elvis som førebilete. Dei har tatt personen, personlegheita og utsjånaden.

Eg liknar mest på meg sjølv, det tenkte eg å halda fram med. Så eit slikt førebilete kan eg ikkje ha. Ei heller å prøva å vera ein anna person med ein anna personlegheit. Så førebileteekstremisme utgår. Kva står att då? Jo, handlingar.

Eg har lest, eller høyrt, ein plass. At ein vert ikkje hugst korkje for kven ein var eller kva ein sa. Det er det ein gjer som vert hugst.

Med den definisjonen så skulle ein tru at ein kunne ha handlingar som førebilete. Det vert litt dumt det óg. Men eg trur eg nermar meg sakas kjerne.

Dersom eg skulle valgt meg ut førebilete så måtte det verta noko slikt:

  • Gunnar Sønsteby, i det han sprengte tungtvannfabrikken på Rjukan.
  • Colombus, i det han gikk i land i Amerika og trudde han var i India.
  • Vasco da Gama, i det han faktisk fann India.
  • Leiv Erikson, i det han faktisk fann Amerika.
  • Einar Gherardsen, i det han vart statsminster for fyrste gong og tok til på gjenoppbygginga av landet.

Det var dei eg kom på i farten no. Eit førebilete kan ikkje vera ein person, men personen, handlinga og tankesettet han eller ho hadde i det øyeblikk handlinga vart utførd. Spesifikt skal det vera, veit de.

Blogging om ingenting

Joar seier det er for lenge sidan eg blogga sist, og at det ikkje skjer noko spanande i livet mitt. Det siste er for så vidt sant. Det har vore eksamenstid, det er ikkje særs spanande.

Samstundes skal de veta det, kjære alle dykk tre som kanskje leser bloggen min, at eg har prøvd. Eg har prøvd hardt, men fekk det ikkje til.

Fyrst prøvde eg å skriva om alle likheitane mellom meg og Windir. Eg skulle skriva om korleis dei syng på sognedialekt, og at eg snakkar sognedialekta. Det vart ikkje bra, så eg droppa det.

Så tenkte eg at eg skulle skriva om sogningen, dette stolte og staute folket frå innerst i Sognefjorden.  Når alt kom til alt måtte eg kalla ein spade for ein spade, og sogningar for ein spade. Me er rett og slett ikkje så forskjellige frå alle andre, som eg og fleire med meg vil ha det til. Så det gikk skeiss det óg.

Til slutt prøvde eg å skriva om rettskriving. Eg ville argumentera for at dårlege norskkunnskapar var dødeleg. Gikk ikkje det heller.

Så då gav eg rett og slett blanke i heile greia, lot blogg vera blogg og spadar vera spadar.

Eg har registrert at Obama har vore innom, kjekt for han det. Fint at me får visa han kor flinke me er til å dela ut prisar, bestilla festmat og utanlandske artistar.

Lurer på om dei heilt har gløymt at me må spara for å få råd til MGP finalen. Me har ikkje råd til å bruka så mykje pengar på å få inn slike høgtståande statsleiarar. Eg stemmer for at me skal kutta kostnadar på nobelutdelinga frå no av. Me skal kun dela ut Nobels fredspris til små og ubetydlege folk som ingen tar seg bryet med å truga på livet. Så slepp me å bruka tusenvis av kroner på å sveisa kumlokk i Oslo.

Merkeleg theme

Det viser seg at boveven var alergisk mot det førre themet eg hadde. Dat var synd, då eg var rimeleg nøgd med det. Sidan det er eksamenstid no så har eg ikkje tid til å forska på kva som er feil. Då vert det reserveløysing og eg har aktivert eit av dei andre thema som låg inne frå før.

Eg har tid ein gong mellom 6. og 18 jan. til å sjå på det trur eg. Utover det er programmet fullt ut mai.

Sikkerheitsbevisste dataen min

På dataen min har eg noko som heiter SolidWorks. Det er eit designprogram med nokre snedige attåtfunksjonar. Det er nemmeleg slik, at det å teikna 3D i SolidWorks er det lettaste i verda. Ein kan teikna ulike deler og setta dei saman til ein kontruksjon der ein kan sjå virkemåte, og rørsle i forhold til andre delar med meir.

I tillegg kan eg gjera ulike berekningar i SolidWorks. Eg kan ta statiske berekningar av ein konstruksjon, altså korleis den bøyger, vrir og deformerar seg under visse laster. Eg kan gjera fleire andre typar beregningar blant anna så kan eg optimalisera design, ved at eg fortel programmet at eg vil ha minst mogeleg masse eller minst mogeleg volum. Då skjærer den til og ordnar fint for meg.

Slik sett er SolidWorks eit storvegs designprogram, ein kan legga seg attende med hendne bak hovudet og slappa av. Det skulle ein vertfall tru. Men her ein dag heldt det på å gå voldsomt gale. Det var rett før dataen min med leidningar, designprogram og anna tilbehør gikk rett ut av glaset i ein vill storm av raseri. Eg ville påføra dataen min smerter, sterke smerter. Dersom det hadde våre mogeleg skulle eg lagt den i ein strekkbenk og vridd til slik at det knaka i samanføyningane.

Grunnen til dette voldsomme hatet seier du? Jo, SolidWorks sjølvsagt. Denne dagen vart det SolidWon´t work because of stupid reasons. Eg skulle nemmeleg køyra ein ny type beregning, ein termisk analyse. Eg har nokre bilete som eg kan forklara med.

Say hello to my little friend, mikrochiphuset (exploded view):

microchip test

Dette er altså eit hus for ein microchip. Denne microchipen utviklar varme, pluss at pakninga held ein konstant temperatur. Alt saman avgir varme til omgjevnadane, og til kvarandre. Lufttemp der denne greia står er 25 grader.Når eg definerar kvar varmen kan utveksla seg, kva for material greiene er laga av osv, så ser den slik ut.

My little friend

I den store fine teorien, skal ein no kunna trykka “Run”. Men ikkje på min data, ikkje på min SolidWorks og i vertfall ikkje i mi stove. Fordi det denne sadistiske datadjevelen klarte å trykka ut av seg etter 30 sek med rekning var: “Security device not responding, please install more security devices”.SECURITY DEVICES?! Det kunne virka som om dataen hadde utvikla nervøst samanbrot. Den viste ikkje heilt kva den mangla, eller kva som trua, men trygg? Nei det var den vertfall ikkje. Som Joar sa, dette med termiske beregningar er ikkje nokon spøk så det er best å sikkra seg.

Eg reiste på skulen sundag, der har me datamaskiner som fungerar. Slik at de skal få sjå kva som skjer når ein setter denne delen i drift.

Res heat flux 1Res heat flux 2

Desse to bileta viser resident heat flux. Det vil sei korleis varmen flyttar seg i konstruksjonen,

temperaturdeformert von mises

Fyrste biletet viser temperatur på ulike overflater. Ein ser at høgast temperatur er det på overflata av mikrochippen inni huset. Siste biletet viser at den deformerar seg på grunn av varmeoverføringa. Eg har sagt at pakninga held seg flat på grunn av delen som tilstøyter og at den er skrudd fast. Då kan den ikkje flytta seg nokon plass så då vert det deformering.

Kvifor eg melder meg ut av statskyrkja.

Eg har surra med dette ganske lenge no. Problemet med utmelding av statskyrkja er tiltaket. Men gudane skal veta at det er verd det!

Statskyrkja har i dag nærast monopol på sanning i vårt samfunn. Noreg er erklært ein kristen stat og den norske skulen har lenge hatt ein kristen formålsparagraf. Denne vart skifta ut i fjor, med ein ny formålsparagraf som skulle vera meir livssynsnøytral. Den har likevel overvekt på kristendom og kristne verdiar, dette var eit kompromi ein måtte inngå for å få alle partia med. KRF var sjølvsagt meget nøgde med dette. Studentorganisasjonane meinte at den nye paragrafen ikkje fjerna det den skulle. Det vert framleis undervist i ei ikkjevedtatt sanning i den norske skulen.

Kyrkja har over 3,9 mill medlemmar noko som tilsvarer litt over 83% av befolkninga. Dei vert med dette ein av dei største, om ikkje den største, interesseorganisajonane i Noreg. Slikt gir makt, makt dei ikkje har krav på ettersom enormt mange av desse medlemane ikkje deler kyrkja sine ideologiar.

Samstundes gir slikt pengar i kassen. I 2005 rekna Din side ut at det kosta den norske staten 1300 kr per skattebetalande yrkesaktive innbyggjar og rundt 800 kr per medlem å driva kyrkja. Denne skatten vert trekt saman med inntektsskatt til kommunen. Det vil seia at dersom ein melder seg ut, sluttar denne tileggsskatten å gå. Kyrkja sine offentlege inntekter i 2005 viste at kyrkja fekk 3 mrd kr i overføring frå kommunane, 66 mill frå opplysningstenesta sitt fond og nærare 80 mill i renter frå meinigheita sin formue. Likevel måtte staten sponsa kyrkjevalet som vart arangert i år.

Eg leste ein samanligning på nettet ein plass, som rett nok var sett voldsomt på spissen.  Ståa hjå kyrkja slik den er i dag, er som å vera medlem av ein nazistorganisasjon frå barnsbein av. Ein er ikkje einig i det dei meiner, men ein melder seg ikkje ut fordi det er eit tiltak. Slik får organisasjonen midlane til å fortsetta arbeidet for det ein eigentleg er imot.

Eg for min del er litt sur fordi eg har vorte tvangsinnmeldt i ein organisasjon som driver opplysingsarbeid verda over, og kun opplyser om ei sanning eg ikkje er samd i. Eg trur Noreg er betre tent med ei kyrkje som ikkje er ein del av staten og som må drivast av dei som faktisk har den trua.

Testar wordmobi

Eg må jo prøva korleis dette fungerar. I dag har eg vore på styremøte med MiT og fått redegjort for julebordet. Det ser ut til å verta aldeles storvegs i år og eg gler meg som berre det.
22102009057.jpg biletet er teke på aquakonsert.

Posted by Wordmobi

§12.1

§ 12.1 i Lov om den almindelige borgerlige Straffelovs Ikrafttræden:

Af Spil og Væddemaal opstaar ingen Forpligtelse, og en Anerkjendelse af derved stiftet Gjæld er uforbindende. Det samme gjælder Laan eller Forskud, som nogen vidende om Øiemedet har ydet til Brug ved Spil eller Væddemaal. Hvad om Spil og Væddemaal er bestemt, gjælder ogsaa med Hensyn til Terminspil (Differenshandel), som har et Spils eller Væddemaals Karakter.

Er det nokon anna måte å tolka dette på, enn dithen at gamblingsider på nett som gjev kreditt gir vekk gratis pengar? Kan ein nytta kredittkort på gamblingsider og derved ikkje vera plikta å betala den gjelda heller?

Veldedigheit

Me sat nett å diskuterte litt. Eg har funne ut at bortsett frå dei 20 kr i halvåret som går frå studieavgifta mi, til studentane sitt humanitære eitelleranna. Så har ikkje eg gitt fem flate øre til nokon humanitære eller veldedige organisasjonar.

Kvifor det, eigentleg?

For det fyrste, så er det mine pengar og eg vil ha dei sjølv. For det andre har det blitt så utruleg mange slike organisasjonar som skal ha oss til å støtta alt mogeleg mellom himmel og jord. Fattige barn i afrika eller svoltne samar i Sibir. Eg vil ikkje! Eg ser ikkje for meg at eg nokon sinne kjem til å gi noko til desse folka.

Mest fordi eg er egoist sikkert, men nesten like mykje fordi eg er lei av det forbanna maset om at alle skal ha noko.

BEL mkII

Endeleg er BELane min ferdige. Eg tok tak, og grep for ei tid sidan. Dei vart pussa, sparkla og pussa på nytt. Så fekk dei nokre strøk med grunning. Etter det sparkla eg på nytt og pussa endå ein gong. Så eit nytt strøk med grunning. Og til slutt ein heil bråte med lag med svart lakk. Matt svart for å vera nøyaktig.

27082009045

30082009047

02102009051

Noko viktig

Eg hadde lyst å skriva om noko viktig i dag. Så eg har tenkt grundig igjennom om eg har eit tema eg likar, misslikar eller gir så totalt blanke i at eg kan skriva om det. Den gong ei. Derfor tenkte eg at eg skulle leita etter nokre bilete eg ikkje har delt med dykk endå.

06042009018

Dette er bilen Arve og meg leigde førre påske for turen heim att. Daniel sat på heim óg.

23032009009

Slik ser ein hardheitsmålar ut. Eller ein av hardheitsmålarane. Denne er for store prøvestykker og måler ikkje 100% nøyaktig. På dette biletet testar me kor mykje mjukare prøvebiten vert når me brukar lengre tid på herdinga.

24072009024

25072009025

25072009026

25072009027

26072009033

Alle dei fem bileta over er ifrå sumarens fjelltur som gikk ifrå Finse til Vassbygdi. Flott tur, med lokale opphald av dårlege kne. Er det foresten nokon som har ei knestøtte til overs etter denne turen? Vassbygdi servicebygg var eit av dei flottaste husa eg har sett i mitt liv etter tre dagar i fjellet.

11072009014

Her feriar me min bursdag på taket hjå Odd Einar.

13072009016

Dette er presangen frå Anja og Olav. Mi heilt eiga slip’n’slide. Problemet var berre at eg mangla ein del, og somla litt vel mykje med å få tak i denne. No har eg den, så då skal det slippast og slidast så snart det vert vær til det att. Eg reknar med at det vert ikkje før til våren.

09092009048

Til slutt nok ein lab frå skulen. Her har Olav og meg leika med pneumatikk. Driten fungerar med nokre knappar, brytarar, ventilar og eit stempel.

Fullstendig frå nettet!!

Avisene i dag flaumer over med info om iam.no. Denne nettenesta som indekserar all info den finn om folk, samlar og gjer den søkbar på nett.

Eg er smertleg klar over at alt ligg på internett frå før, og er offentleg der dei har fått det ifrå. Eller, det stemmer ikkje. Eg har hemmeleg nummer, så dei har tydlegvis ikkje funne det. Eg registrerar at på nrk.no er det ei stakkars kvinne som har problemer med ein eksmann som har fått si nye adresse og nye telefonnummer lagt ut.

Har me komme hit altså? At ikkje noko er privat meir? Eg meiner folka bak denne tenesta må ha fått seg noko i hovudet, dei er i vertfall ikkje på “nett” med resten av verda.

Slaget om Luster bad

Slaget om Luster bad har vore anonsert i lengre tider. Slaget skulle stå i kommunestyresalen i Luster den 24. september i det herrens år 2009 etter herrens bortgang.

Fremst blant dei største stod Olav Njøs. Midt i mellom stod ein stakkars Ivar Kvalen, han viste ikkje kvar han skulle gå, og på den andre sida var det bygdefolket i Luster som stod. Alle var rusta til tennene med skarpe kommentarar, feilaktige tal, vittige replikkar og politisk hovmod.

Bak Njøs stod høvdingen sjølv. Han var høvding for begge sider, men i denne samanhengen hadde høvding Urnes bestemt at det var han som hadde rett. Han hadde rett, fordi han hadde sett tal på ein ny og spanande måte som ingen andre hadde. Alle som ikkje hadde sett desse tala på den same måten som han, hadde ikkje rett til å uttala seg. Då han sin måte å lesa på var det einaste rette i dette land. Det kunne høvdingen seie fordi han var høvding, og ingen andre.

Slaget varde og rakk, mang ein kommentar vart slengde avgårde i genrell retning av diverse. Då pausen hadde lagt seg og alle var ille tilredt, skulle dei slåss ein prøvekamp. Prøvekampen gikk så rett til helvette for bygdefolket, om ein har lov å skriva helvette på internett, at dei rett og slett såg fanden i kvitauga og slo seg ilag med han.

No er alle vel forlikte, Njøs og høvdingen vann stort. Det må me leva med. No skal me alle saman dra i samla flokk for at slaget om Luster bad ikkje var fånyttes. Alle var nøgde med at dei hadde fått sagt sitt. Ikkje minst har alle vorte høyrde.

Snippsnappsnute så var velferda ute.

Eg har sett kommunestyret vedta Luster bad på nett-tv i dag, og må berre konstantera at dette ikkje gikk min veg. No er skaden skjedd, så me skal alle saman hoppa i bassenget med godt mot. Dersom me alle saman badar i hop er det håp om at me kan begrensa skaden.

Det er mangt som skapar harme..

Har nokon sett reklamen på TV2 for leksikontenesta ADAM? Den der det kjem ein sympatisk herremann og opplyser om at du kan nytta deira teneste til å finna svara på quiz slik at ein vinn.

Eg likte ikkje denne reklamen.

Jadå, eg veit det er småleg av meg, men eg måtte berre.

Hei Tore,

Flere av oss som jobber med ADAM er quizere og vi samarbeider også med to quiz-mastere i Bergen som gir oss spørsmål til konkurranser vi kjører.

Juks på quiz er en uting og det er mange måter å jukse på. Min erfaring er at litt mer seriøse quizere har høy moral og at andre kilder enn eget hode rett og slett ikke brukes.

Beklager at vår reklame skaper irritasjon, trøsten får være at disse går ut året, deretter går vi på med våre nye reklamer ;)

Njål

2009/9/23 Tore Bø <torebo@……..

> Hei!

>

> Det er eit vidstrakt problem på et utall barquizar at ein nyttar mobiltelefonen for å finna svar. Dette er direkte >usportsleg, og umoralsk.
>

>At Askadam nedverdigar seg til dette i sin reklame er under eitkvart selskap sin verdigheit. Det finnest då >forhåpentlegvis områder der dykkar teneste kan nyttast, som ikkje må gå på tvers av gjeldande normar og reglar!
>
>
>
> Med helsing
>Tore Bø
>Frustrert